Vitne

For å kunne ta stilling til om vilkåra for loven er oppfylt, treng fylkesnemnda opplysningar. Slike kan fylkesnemnda mellom anna få frå vitne som kjem til fylkesnemnda og forklarer seg. Eit vitne er ein person som har sett, høyrt eller erfara noko som er viktig for saka.

Vitne kallast inn til å møte i fylkesnemnda av partane sine advokatar. Vitne har plikt til å møte for fylkesnemnda. Dersom dei nektar, kan dei verta henta av politiet. Vitne må snakka sant. Det er straff for å lyge i fylkesnemnda.

Dersom du vert innkalla som vitne, er det viktig at du førebur deg og freistar hugse og eventuelt notere ned det du tenkjer kan vera viktig for saka. Du kan ta med deg notata. Når du kjem til fylkesnemnda for å vitne, er saka allereie i gang og du må rekne med å vente. Du skal sitje på venterommet til du vert kalla inn. Når du kjem inn i salen, skal du gå til vitneboksen. Der vert du først spurt om namn, fødselsdato, adresse, yrke og om du er i slekt med eller har andre band til nokon av partane i saka. Av nemndleiar vert du pålagt å snakke sant. Han orienterer og om straffeansvaret. Han seier til slutt: «Forsikrar du at du vil forklare den reine og fulle sanning og ikkje leggje skjul på noko?» Du skal då svare: «Det forsikrar eg på ære og samvit.» Så byrjar di forklaring.

Har du spørsmål som vitne, kan du ta kontakt med den advokaten som har innkalla deg eller fylkesnemnda.