Teieplikt

Alle som jobbar i fylkesnemnda har teieplikt. Det same gjeld dei som har oppdrag for fylkesnemnda, for eksempel talspersonen til barnet. Den som har teieplikt må teie om opplysningar til andre som ikkje vedkjem saka og må ta seg i akt så slike opplysningar ikkje kjem på avvege. Teieplikta gjeld alle personlege tilhøve.