Klagesak

Dersom foreldra eller et barn med eigne partsrettar er usamd i akuttvedtaket, kan dei klaga på det til fylkesnemnda.

For denne type saker er det eigne sakshandsamingsreglar. Dersom klagesakene skulle handsamast på same vis som sakene i forhandlingsmøta, ville det gå ganske lang tid før klagen vart avgjort. Barnet er i desse sakene allereie plassert utanfor heimen når saka kjem til fylkesnemnda.  Difor er det viktig med rask sakshandsaming. Loven slår fast at klagesaker skal vera ferdig handsama innan ei veke etter at klagen kom inn til fylkesnemnda.

Klagen skal direkte til fylkesnemnda og kan vera både munnleg og skriftleg. Det er ikkje naudsynt å gå til barnevernstenesta på førehand. Dei som har klagerett, får oppnemnt gratis advokat, og dei fleste vel difor å ta kontakt med advokaten sin og la han ordna med klagen.

For å kunne fatte vedtak innan ei veke, kan ikkje fylkesnemnda ha ei like grundig sakshandsaming som ved sakene som går i forhandlingsmøta. Fylkesnemnda kallar inn til eit kort møte, som regel ikkje lenger enn 3 timar, med leiaren for fylkesnemnda. Der kjem både dei som klager og barnevernstenesta med advokatane sine. I møtet fortel klagarane og barnevernstenesta kva dei meiner om saka, medan advokatane og nemndsleiaren stiller spørsmål. Dersom tida strekk til, og nemndsleiaren tillet det, kan partane føre vitne og leggje fram dokumenter.

Dei same reglane gjeld når rusmisbrukarar vert akuttplassert.

Foreldra eller barn med partsrettar sender inn klage.

Fylkesnemnda førebur saka og innkallar til kort møte.

Møtet gjennomføres.

Fylkesnemnda avgjer saka og sender ut vedtak innan ei veke.

Teieplikt

Alle som jobbar i fylkesnemnda har teieplikt. Det same gjeld dei som har oppdrag for fylkesnemnda, for eksempel talspersonen til barnet. Les meir om teieplikt

Rett til advokat

Foreldre og andre med partsrettar har rett til advokat betalt av staten i alle saker som fylkesnemnda handsamar. Les meir om rett til advokat

Medverknad for barn

Barnekonvensjonen, eller FNs konvensjon om barna sine rettar, gjev barn rett til å verta høyrt og til å kunne gje uttrykk for meininga si i alle tilhøve som gjeld barnet. Les meir om medverknad for barn

Vitne

For å kunne ta stilling til om vilkåra for loven er oppfylt, treng fylkesnemnda opplysningar. Slike kan fylkesnemnda mellom anna få frå vitne som kjem til fylkesnemnda og forklarer seg. Les meir om vitne