Forhandlingsmøtesak

Ei forhandlingsmøtesak vert sett i gang når barnevernstenesta i kommunen, foreldra eller barn med eigne partsrettar sett fram krav som loven seier at fylkesnemnda skal handsame. I visse høve kan og enkelte andre personar og fylkesmannen setje fram slike krav, men det skjer ikkje så ofte. Dei vanlegaste krava i barnevernssaker er krav om omsorgsovertaking, åtferdsplassering og adopsjon. Fylkesnemnda mottek og mange saker om endring av vedtak som fylkesnemnda allereie har fatta, for eksempel om at det samværet fylkesnemnda har fastsett mellom barn og foreldre må aukast, eller om at barnet skal førast attende til foreldra.

I saker etter helse- og omsorgstenesteloven er det berre kommunen som kan ta initiativ til å fremje sak. Etter smittevernloven er det kommunelegen eller Helsedirektoratet som kan bringe ei sak inn for smittevernnemnda. Framstillinga her gjeld barnevernssaker.

Dersom foreldre, barn eller andre privatpersonar med partsrettar sett fram krav som skal handsamast av fylkesnemnda, skal dei vende seg til til barnevernstenesta i kommunen med kravet. Barnevernstenesta skal da raskt, og seinast innan tre månadar, sende saka til fylkesnemnda. I særskilte høve kan fristen forlengjast til seks månader.

I fylkesnemnda startar ei forhandlingsmøtesak når nemnda mottek sakspapir frå advokaten til barnevernstenesta. Desse papira er merka «begjæring om tiltak». Her beskriv barnevernstenesta saka, gjer greie for sitt syn og fremjar forslag om kva slags vedtak dei meiner fylkesnemnda bør fatte. Barnevernstenesta skal og nemne dei prov dei vil leggje fram, kven dei vil føre som vitne og kva slags dokumenter dei vil leggje fram for fylkesnemnda.

Når fylkesnemnda har motteke krava frå barnevernstenesta, sørgjer fylkesnemnda for at foreldra og barn med eigne partsrettar får advokat, om dei ikkje allereie har det. Advokaten skal så, som regel innan 10 dagar, sende tilsvar til fylkesnemnda. Tilsvar er eit dokument kor advokaten skriv kva den han/ho er advokat for meiner om saka og kva vedtak dei meiner fylkesnemnda bør fatte. Tilsvaret skal og nemne dei bevis som vert lagt fram og dei dokument dei vil legge fram for fylkesnemnda.

For barn som ikkje har rett til eigen advokat, men som er store nok til å ha ei meining om saka, oppnemner fylkesnemnda som regel ein eigen talsperson. Talspersonen snakkar med barnet og fortel deretter til fylkesnemnda når det skal vera forhandlingsmøte og innkallar partane til dette møtet. Forhandlingsmøter om omsorgsovertaking varer til vanleg 2-3 dagar, men nokre møter tek lengre tid. Det må setjast av nok tid til at partane i saka får høve til å forklare seg, føre sine eigne prov og stille spørsmål til vitna til motparten gjennom sin advokat. Saka må bli godt nok opplyst til at fylkesnemnda kan fatte si avgjerd.

Fylkesnemnda består normalt av tre personar: Nemndsleiar, eit fagkunnig medlem og eit alminneleg medlem. Nemndsleiar er jurist. Det fagkunnige medlem er ein psykolog med erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar, lege med vidareutdanning i barne- og ungdomspsykiatri eller ein person med anna relevant utdanning og praksis, til dømes sosionom eller barnevernspedagog. I dei fleste sakene er det fagkunnige medlem psykolog.

Etter at forhandlingsmøtet er ferdig, diskuterer medlemmene saka og vert einige om kva dei skal meine om dei forslaga partane har. Dersom dei ikkje er samde, vil fleirtalet avgjere saka. Den avgjerda fylkesnemnda tar, vert skrive i eit vedtak. Et slikt vedtak skal grunngjevast på same viset som ein dom. Det skal vera klart så raskt som mogleg, seinast to veker etter at forhandlingsmøtet er avslutta. Det vert sendt til advokatane som representerer partane.

 

Kommunen sender inn sak.

Fylkesnemnda førebur saka og kallar inn til forhandlingsmøte.

Forhandlingsmøtet vert gjennomført.

Fylkesnemnda avgjer saka og sender ut vedtak.

Teieplikt

Alle som jobbar i fylkesnemnda har teieplikt. Det same gjeld dei som har oppdrag for fylkesnemnda, for eksempel talspersonen til barnet. Les meir om teieplikt

Rett til advokat

Foreldre og andre med partsrettar har rett til advokat betalt av staten i alle saker som fylkesnemnda handsamar. Les meir om rett til advokat

Medverknad for barn

Barnekonvensjonen, eller FNs konvensjon om barna sine rettar, gjev barn rett til å verta høyrt og til å kunne gje uttrykk for meininga si i alle tilhøve som gjeld barnet. Les meir om medverknad for barn

Vitne

For å kunne ta stilling til om vilkåra for loven er oppfylt, treng fylkesnemnda opplysningar. Slike kan fylkesnemnda mellom anna få frå vitne som kjem til fylkesnemnda og forklarer seg. Les meir om vitne