Forenkla handsaming

Fylkesnemnda kan velje å handsame sakene med berre fylkesnemndsleiar og utan forhandlingsmøte dersom partane i saka er samde om det.  Ei slik handsaming nyttast som regel når partane i saka har samla seg kring eit felles framlegg til vedtak. Om partane er samde, kan  fylkesnemnda velja mellomløysingar, til dømes at saka skal handsamast av berre leiaren for fylkesnemnda og med eit kort møte kor partane i saka forklarer seg, men kor prova elles er skriftlege.

I saker som gjeld endring av vedtak som fylkesnemnda har fatta tidlegare, kan fylkesnemnda velje å handsame sakene forenkla, sjølv om partane i saka ikkje er samde i det. Tvungen forenkling kan i så fall berre fastsetjast når leiaren i nemnda meiner det ikkje er årsaker som taler i mot (er ubetenkelig) og saka vert handsama forsvarleg med slik prosedyre. Om desse vilkåra er oppfylt, kan fylkesnemnda også velje mellomløysingar som nemnt i føregåande avsnitt.

Kommunen sender inn sak.

Fylkesnemnda førebur saka og tek avgjerd om at saka skal handsamast forenkla.

Fylkesnemnda avgjer saka og sender ut vedtak.

Teieplikt

Alle som jobbar i fylkesnemnda har teieplikt. Det same gjeld dei som har oppdrag for fylkesnemnda, for eksempel talspersonen til barnet. Les meir om teieplikt

Rett til advokat

Foreldre og andre med partsrettar har rett til advokat betalt av staten i alle saker som fylkesnemnda handsamar. Les meir om rett til advokat

Medverknad for barn

Barnekonvensjonen, eller FNs konvensjon om barna sine rettar, gjev barn rett til å verta høyrt og til å kunne gje uttrykk for meininga si i alle tilhøve som gjeld barnet. Les meir om medverknad for barn

Vitne

For å kunne ta stilling til om vilkåra for loven er oppfylt, treng fylkesnemnda opplysningar. Slike kan fylkesnemnda mellom anna få frå vitne som kjem til fylkesnemnda og forklarer seg. Les meir om vitne