For å endre tekststørrelsen
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac) og trykk på + for å forstørre eller – for å forminske
Alminneleg medlem
Bufetat – Barne-, ungdoms- og familieetaten.
Statleg organ med familievernkontor som mellom anna gjev tilbod om samtalar med erfarne vaksne for par og familiar som treng det, som handsamar saker om friviljug adopsjon i Noreg og frå utlandet, og som hjelper barnevernstenesta i kommunane å skaffe fosterheim og institusjonsplassar med meir.
Fagkunnig medlem
Nemndsleiar
Nemnda
Offentleg part
Omsorgsovertaking
Når fylkesnemnda bestemmer at barn skal flytte frå foreldra sine til fosterheim eller institusjon. Den daglege omsorg for barnet er det då fosterforeldra eller dei tilsette på institusjonen som gjer på vegne at barnevernstenesta.
Part
Den som har rett til å ta del i saka og fremme forslag til vedtak. Fylkesnemndsakene vert handsama etter ein topartsprosess – kor de to partane er offentleg part og privat part. I barnevernssaker er offentleg part normalt kommunen og privat part som oftast foreldra og barn med eigne partsrettar.
Privat part
Prosessfullmektig
Representerer offentlig eller privat part.
Normalt advokatar.
Sakkunnig utgreiar
Fagperson oppnemnt for å utgreie omsorgsbehovet til barnet og foreldras evne til omsorg
Den sakkunnige vil ofte vera psykolog eller psykiater, og får eit mandat av kommunen, den private parten eller fylkesnemnda som gjer greie for dei tilhøva hos barn og foreldre som skal undersøkjast.
Den sakkunnige har samtaler med den private og den offentlige part, og hentar inn andre relevante opplysningar. Det vert laga ein rapport som ein sender til fylkesnemnda og prosessfullmektigane kor den sakkunnige gjev sine vurderingar.
Rapporten frå den sakkunnige kan berre leggjast til grunn av fylkesnemnda dersom den har vore vurdert av Barnesakkyndig kommisjon.
Den sakkunnige møter i forhandlingsmøtet og gjev forklaring, og rapporten inngår som ein del av beslutningsgrunnlaget til fylkesnemnda.
Samvær
Kontakt mellom foreldre og barn etter ei omsorgsovertaking.
Talsperson
Fylkesnemnda kan oppnemne ein talsperson for barn som er fylt 7 år og for yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkter i saka. Barn over 15 år har rett til eigen advokat, og det oppnemnest difor ikkje talsperson for dei.
Barn har rett til å bli høyrt i saker som vedkjem dei. Meiningen til barnet skal ha vekt i samsvar med barnet sin alder og modenhet.
Talspersonen har teieplikt om det som kjem fram i saka. Etter å ha snakka med barnet skal talspersonen skrive ein rapport som vert sendt til fylkesnemnda.
Talspersonen møter og i forhandlingsmøtet og forklarer seg om kva barnet har uttalt.
Dei som vert valde til talsperson er dei som er særskilt egna til å snakke med barn, for eksempel barnehagepersonell, lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, helsesøstrer eller sosionomar.
Tolk
Om ein av dei private partane eller et vitne ikkje snakkar norsk, skal kommunen sørge for ein tolk for å omsetje det som vert sagt.
Tolkane har teieplikt og skal berre omsetje det som vert sagt i forhandlingsmøtet. Dei skal ikkje gje uttrykk for sine eigne meiningar.
Vitne
Personar som gjev forklaring i forhandlingsmøtet, men som ikkje er part i saka.
Personar som har sett, høyrt eller erfara noko med relevans for saka.
Åtferdsplassering
Når fylkesnemnda bestemmer at barn med alvorlege åtferdsproblem skal plasserast på institusjon berekna for barn med slike vanskar.
Åtferdsvanskar
Brukast om barn og ungdom som jevnleg har framferd som ikkje kan aksepterast, til eksempel ved å vera valdelege og aggressive, nekte å gjera det dei får beskjed om av vaksne, skulke skulen, bruke rusmiddel, gjera kriminelle handlingar med meir.