Medverknad for barn

Barnekonvensjonen, eller FNs konvensjon om barna sine rettar, gjev barn rett til å verta høyrt og til å kunne gje uttrykk for meininga si i alle tilhøve som gjeld barnet. I §104 i Grunnloven er det gjeve påbod om at barn «har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget». Barnevernloven har og regler som gjev barn rett til medverknad og til å verta høyrt før det vert treft avgjersler som får følgjer for dei.

Barn som er 15 år og forstår kva saka gjeld, har krav på eigen advokat i saker for fylkesnemnda. Advokaten vil gje råd og rettleiing til barnet og sørge for at meininga til barnet kjem fram i saka for fylkesnemnda. Som unntak kan og yngre barn få eigen advokat. I saker om åtferdsplassering har alle barn, ubunden av alder, krav på advokat.

For barn som ikkje har krav på eigen advokat, har fylkesnemndene ei ordning med talspersonar. Talsperson for eit barn er ein nøytral person som har erfaring med å snakke med barn. Talspersonen vert oppnemnt av fylkesnemnda og reiser dit barnet er og snakkar med det. Han skal la barnet få høve til å seie kva det meiner om saka og så fortelje det vidare til fylkesnemnda og partane i saka.  Fylkesnemnda oppnemner ikkje talsperson for barn som ikkje ønsker å ha det. For dei minste barna, som ikkje er i stand til å meine noko om saka, vert det heller ikkje oppnemnt talsperson.