Akuttvedtak

I akutte situasjonar, kor det ikkje er tid til å vente på handsaming av fylkesnemnda, kan leiaren av barnevernet i kommunen, i nokre tilfelle påtalemakta, fatte mellombels akuttvedtak. Det er strenge vilkår for å fatte slike vedtak.

Når akuttvedtaket er fatta, skal det utan opphald sendast fylkesnemnda for godkjenning. Vedtaket må godkjennast innan 48 timar. Fylkesnemnda kontrollerer at det er rett styringsmakt  som har fatta vedtaket, og om beskrivinga av akuttssituasjonen i vedtaket tilfredsstiller krava i loven. Loven opnar ikkje for at fylkesnemnda skal etterprøva framstillinga i vedtaket.

Kommunen sender inn akuttvedtak

Fylkesnemnda godkjenner eller nektar godkjenning helst innan 48 timer (om mogleg)

Teieplikt

Alle som jobbar i fylkesnemnda har teieplikt. Det same gjeld dei som har oppdrag for fylkesnemnda, for eksempel talspersonen til barnet. Les meir om teieplikt

Rett til advokat

Foreldre og andre med partsrettar har rett til advokat betalt av staten i alle saker som fylkesnemnda handsamar. Les meir om rett til advokat

Medverknad for barn

Barnekonvensjonen, eller FNs konvensjon om barna sine rettar, gjev barn rett til å verta høyrt og til å kunne gje uttrykk for meininga si i alle tilhøve som gjeld barnet. Les meir om medverknad for barn

Vitne

For å kunne ta stilling til om vilkåra for loven er oppfylt, treng fylkesnemnda opplysningar. Slike kan fylkesnemnda mellom anna få frå vitne som kjem til fylkesnemnda og forklarer seg. Les meir om vitne