Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Dei fleste av sakene i Barneverns- og helsenemnda vert handsama i forhandlingsmøte, som er basert på dei same prinsippa som saker for domstolane.

Barneverns- og helsenemnda er eit reint organ for avgjersler. Det tyder at nemnda aldri sjølv tek initiativ til dei sakene nemnda handsamar. På barnevernområdet er det barnevernstenesta i kommunen, foreldra eller barn som har eigne partsrettar som bringer saka inn for Barneverns- og helsesnemnda og ber om nemnda si avgjer.

Barneverns- og helsenemnda er pålagt å handsame dei sakene som vert brakt inn for nemnda på ein trygg, rask og tillitsskapande måte. Saksgangen skal etter loven vera tilpassa arten, omfanget og graden av vanskar i handsaminga. Dei fleste sakene vert handsama på såkalla forhandlingsmøte. Det er ein omfattande prosess som tek tid. Sakshandsaminga i desse sakene er nærast identisk med det viset domstolane handsamar liknande saker. Nemnda kan i visse høve handsame saker med ein enklare saksgang. 

I akutte situasjonar, kor det ikkje er tid til å vente på ei handsaming i nemnda, kan leiaren for barnevernet i kommunen, i nokre tilfelle påtalemakta, fatte mellombels akuttvedtak. Det er strenge vilkår for å fatte mellombels vedtak. Slike vedtak kan ein klage på. Det gjeld då eigne sakshandsamingsreglar for desse klagesakene. Barnevernloven opnar og for ordningar kor ein freistar løysa dei med såkalla samtaleprosess.

Vedtak i nemnda kan berre overprøvast av domstolane. Fristen for å reise søksmål for tingsretten er ein månad. Fristen reknast frå tidspunktet vedtaket er motteke.