Personvernerklæring

1. 1.       Introduksjon

Denne personvernerklæringa gjer greie for korleis fylkesnemndene samlar inn og nyttar personopplysningar ved besøk på denne nettstaden. Erklæringa inneheld også opplysningar som du har krav på når det blir samla inn personopplysningar frå denne sida (jf. personvernforordninga artikkel 13, jf. artikkel 12).

Nettstaden www.fylkesnemndene.no er først og fremst ei informativ side, og besøk på sida inneber i liten grad at det blir behandla personopplysningar. Unntaket er bruk av informasjonskapslar (cookies), moglegheit for å utarbeide statistikk og for søknad om oppnemning eller gjenoppnemning som fagkunnig medlem. Alt dette omtales nærare nedanfor.

 

1. 2.       Behandlingsansvarleg

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, ved direktøren, er ansvarleg for registrering og behandling av personopplysningane dine. Det er behandlingsansvarleg som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningane og på kva slags måte behandlinga skal skje.

  

1. 3.       Cookies (informasjonskapslar) og statistikk

Fylkesnemndene.no nytter informasjonskapslar (cookies). Informasjonskapslar er små informasjonsfiler som blir liggande igjen på datamaskina di for at tenesta skal virke best mogleg for deg som bruker. Dette fører ikkje til nokon risiko knyta til sikkerhet, men du kan kva tid som helst avslå å samtykke til lagring av informasjonskapslar. Nettlesaren din sender også automatisk opplysningar til fylkesnemndene.no sine servere kvar gong du ber om å få vist ei side. Dette er for eksempel opplysningar om kva nettleser og -versjon du brukar og internettadressen din (IP-adresse). For kvar side som blir vist, blir også opplysningar om dato og tid lagra, kva side du kom fra, kva side du er på, osv. Desse opplysningane vil ikkje bli brukt til å identifisere deg som enkeltperson. Vi bruker desse opplysningane til å tilpasse nettsida til informasjon brukarane er interessert i å finne.

Behandlingsgrunnlaget for produksjon av anonym statistikk er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som gjer oss lov til å behandle opplysningar som er nødvendig for å ivareta ei rettmessig interesse og som veg tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettmessige interessa er å forbetre og vidareutvikle informasjon på nettsidene våre.

 

1. 4.       Søknad om oppnemning eller gjenoppnemning som fagkunnig

På nettsidene våre er det mulig å søke om oppnemning eller gjenoppnemning som fagkunnig medlem i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Søknadsprosessen skjer elektronisk gjennom ID-portal. Det er Knowit Experience som har utvikla løysninga.

For å behandle søknaden må vi i tillegg til personalia, opplysningar om utdanning og nåverande arbeidsstad be om at det blir lagt ved CV, vitnemål og kopi av attester frå relevant arbeidserfaring.

Behandlinga av personopplysningane er nødvendig for å oppfylle ein rettslig forplikting som ligg til Fylkesnemndene, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c. Formålet med å hente inn personopplysningane er at fylkesnemndene skal være i stand til å vurdere om dei som søkjer til verv som fagkunnig medlem fyller kriteria for oppnemning, og ikkje er inhabile grunna forhold ved deira arbeidssituasjon.

Når søknaden er ferdig utfylt på nettsidene, vil Sentraleininga behandle opplysningane for å vurdere om oppnemning av vedkomande kan skje. For personer som blir oppnemnt, vil dei innsendte personopplysningane bli arkivert i tråd med krava i arkivlovgjevinga. For personer som ikkje blir oppnemnt, vil opplysningane bli sletta etter 6 månader.

  

1. 5.       Rettar

Alle som spør har rett på grunnleggjande informasjon om behandling av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslova § 18, 1. ledd. Dei som er registrert i eit av fylkesnemndene sine system har følgjande rettar:

-          Innsyn i eigne opplysningar

Du kan be om stadfesting på om fylkesnemndene behandlar personopplysningar om deg. Om det er tilfellet, har du rett til å få ein kopi av alle opplysningar fylkesnemndene behandlar om deg.

-          Korrigering av personopplysningar

Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande.

-          Sletting og avgrensing av personopplysningar

I gitte situasjonar kan du be om at vi sletter eller avgrensar behandlinga av opplysningar om deg sjølv.

-          Protestere mot ei behandling av personopplysningar

Om vi behandlar opplysningar om deg grunna verksemda sine oppgåver eller på bakgrunn av en interesseavveging, har du rett til å protestere på behandlinga av opplysningar om deg.

-          Du kan klage på behandlinga av personopplysningar

Du kan klage på behandlinga av personopplysningar. Dette blir helst gjort gjennom den kontakta du allereie har med oss.

 

1. 6.       Kontaktinformasjon

Du kan utøve dei rettane du har ved å kontakte oss. Kontaktinformasjon til den einskilde nemnd og til Sentraleininga finn du under fana «kontakt oss».

Det er også mogleg å kontakte fylkesnemndene sitt personvernombud for å søkje råd og rettleiing. Personvernombudet er ikkje lagt under leiinga si instruksjonsmyndigheit ved utøvinga av rolla si. Personvernombudet har teieplikt dersom du ønskjer å gje fortruleg informasjon.

Personvernombudet kan kontaktast på e-post personvernombud@fylkesnemnda.no.

Du har krav på å få svar frå oss utan ugrunna opphald, og seinast innan ein månad.