Bakgrunn og historie

Fylkesnemnda starta si verksemd i januar 1993 med røter først i lov om sosiale tenester, og sidan desember 2006 teke inn som eige kapittel 7 i Barnevernloven frå 1992.

Fylkesnemnda erstatta dei kommunale og folkevalde barnevernsnemnda/helse- og sosialutvala som etter kvart hadde fått mykje kritikk, framfor alt for vantande rettstryggleik. Grunngjevinga for og føremålet bak fylkesnemnda ser ein særleg godt i NOU 1985:18 Lov om sosiale tenester m.m. I spørsmålet om nytt organ for avgjersler for tvangssaker innan barnevern og rusrelaterte felt, delte utvalet seg i eit fleirtal og eit mindretal.

Fleirtalet gjekk inn for eit heilt nytt organ for avgjersler – fylkesvise spesialnemnder – fylkesnemnda. Det vart uttala at dei best mogleg måtte tilfredsstilla følgjande krav.

  • Inneha ei sjølvstendig og uavhengig stilling overfor sosialtenesta, fylkesmannen og departementet.
  • Sakene må handsamast i samsvar med dei grunnreglar som gjeld for god sakshandsaming i domstolane.
  • Avgjerdsorganet må vera slik samansett at det gjev best mogleg kombinasjon av juridisk og sosialfagleg innsikt, samt skjøn frå lekmann.
  • Det må leggjast opp til at sakene kan avgjerast raskt.

Mindretalet meinte at tvangssakene måtte handsamast av dei ordinære domstolane. Dette vart grunngjeve med at tvangssaker har ein særleg kontroversiell karakter og at den instans som skal avgjere slike saker må ha same allmenne tillit i ålmenta som domstolane, ei tillit som andre forvaltingsorgan ikkje kan få.

Departementet slutta seg til tilrådinga frå fleirtalet. I proposisjonen (Ot.prpr. Nr 29 (1990-1991) Lov om sosiale tenester m.m.) vart det særleg vektlagt at de nye fylkesnemndene skulle vera ubundne domstolliknande forvaltingsorgan med både juridisk og barne- og sosialfagleg spisskompetanse  på feltet. I praksis framstår fylkesnemnda som ein særdomstol, men utan å ha kompetanse som formell domstol.

I eit slikt ljos er det interessant å føra linjene attende til verjeråda som vart oppretta gjennom verjerådsloven (vedteken 1896, verksett 1900, og ofte omtala som den første barneloven i verden.) Verjerådene var eit resultat av ein strafferettreform som heva den kriminelle lågalder og overførde ansvaret for barn med slike åtferdsvanskar at skule og heim stod «magtesløse» frå kriminalpolitikken til sosialpolitikken. Nye oppdragingsanstaltar skulle kome i staden for fengselsstraff for «vanartede» barn under den kriminelle lågalder. Dette vart no opp til verjeråda å avgjere, og dei fekk i tillegg ansvar for tiltak  for barn som var utan omsorgspersonar eller som fekk for dårleg omsorg i heimen.

Som tilfellet var då fylkesnemnda skulle etablerast, er det ein merkbar diskusjon om verjerådene skulle opprettast eller om dei ordinære domstolane skulle fatte tvangsvedtak om plassering i oppdragingsanstaltar. Ikkje minst takka vera den fremste pådrivaren for verjerådsloven, jusprofessor (og seinare riksadvokat) Bernhard Getz, vart verjeråda oppretta. Dei skulle vera avgjerdsorgan samansett av personar med særleg «Sagkunnskab og Insigt» på feltet i motsetnad til domarar utan spesialkunne. Slik kom derfor Verjerådet til å virka som ein særdomstol på  det barnevernrettslige feltet. Historisk går det ei tydeleg linje frå verjerådet til fylkesnemnda.