Tvangsvedtak for vaksne rusavhengige

Dersom nokon utsett si psykiske eller fysiske helse for fare med omfattande og varig rusmisbruk, kan fylkesnemnda ta avgjerd om at dei skal plasserast i eigna institusjon i opp til tre månadar mot sin vilje. Eit slikt tvangsvedtak kan berre setjast i verk dersom friviljug hjelp, til dømes oppfølging frå rustenesta til kommunen eller friviljug institusjonsbehandling, ikkje syner seg tilstrekkeleg. Fylkesnemnda må og ta ei skjønmessig vurdering om tvangsinnlegging er rimeleg og har ei hensikt.

Avgjersla er meint for dei sterkt belasta misbrukarane. I forarbeida til loven står det at det er «ikke grunn til å bruke den med mindre det konkret er grunn til å tro at man gjennom en periode på inntil 3 måneder kan klare å gjøre noe som på sikt har positiv betydning for klienten.»