Pålagte tiltak

Det hender at foreldra ikkje vil ha den hjelp barnevernstenesta i kommunen tilbyr. Barnevernstenesta må då respektere deira meining. For nokre få slag tiltak kan likevel barnevernstenesta velja å fremje sak for fylkesnemnda om å pålegge foreldra hjelpetiltak. Det gjeld mellom anna hjelp til plass i barnehage og tilsyn i heimen.

Vilkåra for å fatte vedtak om tiltak med tvang varierer, avhengig av kva slag type hjelp det er snakk om, men det skal relativt mykje til. For eksempel kan fylkesnemnda berre fatte vedtak om  tilsyn med tvang dersom dei svært strenge vilkåra for omsorgsovertaking er oppfylt. Den høge terskelen er nok ein viktig grunn til at barnvernsetenestane sjeldan sender slike saker til fylkesnemnda. Dersom fylkesnemnda fatter vedtak om tvungne tiltak, kan ikkje foreldra lenger nekte å motta dei.

Stortinget endra den 7. august 2015 barnevernloven, slik at fleire typar hjelpetiltak kan påtvingast foreldra. Når denne lovendringa trer i kraft, vert og vilkåra for å fatte vedtak om tiltakt med tvang mindre strenge.