Omsorgsovertaking

Omsorgsovertaking - for barna

Dei fleste barn bur saman med foreldra. Noen gonger har barna det så vanskeleg heime at dei ikkje kan bu der lenger. Dei vaksne som bestemmer kan då seie at barna må flytte frå foreldra sine. Barna flytter då som regel heim til andre vaksne som tar betre vare på dei. Denne heimen kallar vi fosterheim og dei vaksne som bur saman med barna kallar vi fosterforeldre. Noen gonger må barn flytte til barneheim.

Ein barneheim er eit hus kor det kan bu fleire barn, og kor det er fleire ulike vaksne som passar på barna. Dei vaksne bur då ikkje på barneheimen heile tida, men heime hos seg sjølv. Når dei vaksne som er på barneheimen går heim til seg sjølv, kjem det nye vaksne for å passe på barna. Det er alltid vaksne saman med barna på barneheimen.

Sjølv om barna ikkje kan bu heime hos foreldra sine, får dei lov til å treffe dei innimellom. Anten kjem då foreldra til den staden kor barna bur og er saman med dei ei stund der, eller så reiser barna heim til foreldra sine og er saman med dei der. Andre gonger treffer barna foreldra sine andre stader, til dømes på ein leikeplass. Barna og foreldra er då som regel saman nokre timar. Barna får og lov til å snakke med foreldra sine i telefon. Nokre gonger hender det at dei vaksne som bestemmer meiner at barna får det så vanskeleg om dei ser foreldra sine att, at dei ikkje skal treffa foreldra sine i det heile.

Omsorgsovertaking - for dei vaksne

Dersom eit barn lever i ein heilt uhaldbar situasjon i heimen, kan fylkesnemnda på nærare fastsette vilkår fatte vedtak om at kommunen skal ta over omsorg for barnet. Ei omsorgsovertaking er ei særs inngripande tiltak og vilkåra er difor strenge.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen og FNs barnekonvensjon set grenser for den rett styresmaktene har til å gripe inn i familielivet. Desse reglane har i Noreg rang framfor norsk lovgjeving. Høgsterett har gjeve uttrykk for at norsk rett er i samsvar med desse internasjonale reglane.

Etter barnevernloven er det eit grunnvilkår for omsorgsovertaking at barnet vert utsett for omsorgssvikt, til dømes mishandling eller vanskøytte. Omsorgsovertaking kan berre skje om så er naudsynt. Det må ikkje vera mogleg å få til god nok omsorg i heimen med hjelp frå barnevernstenesta og andre instansar. Slik hjelp kan til dømes vera støtte til barnehage, avlasting, tilsyn med heimen, urinprøvekontroll, foreldrerettleiing med vidare. Sjølv om barnet opplever omsorgssvikt og omfattande hjelp ikkje er nok, skal omsorga likevel ikkje overtakast om ikkje det er den beste løysinga for barnet.

Konsekvensen av ei omsorgsovertaking er at barnet må flytte frå foreldra sine til ein fosterheim eller ein institusjon, til dømes ein barneheim. Fosterforeldra eller institusjonen har då den daglege omsorga for barnet i staden for foreldra på vegne av barnevernstenesta. Ein fosterheim er ein familie som har vorte godkjent og oppfyller krav om særleg evne, tid og overskott til å gje barn ein trygg og god heim. Fosterforeldra må ha god vandel og skal syne attest frå politiet. Det skal vera jamleg tilsyn med korleis barnet har det i fosterheimen, minst fire gonger i året for barn under 15 år. Den som fører tilsyn, skal snakke med barnet, som regel utan at fosterforeldra er til stades.

Om omsorga vert teken skal fylkesnemnda bestemme om barnet skal flytte i fosterheim eller institusjon. Yngre barn vert vanlegvis plasserte i fosterheim. Barneverntjenesta finn fosterheim for barnet. Barneverntjenesta skal alltid vurdere om nokon i barnet sin familie eller nære nettverk kan vera fosterheim. Om foreldre krev at barnet skal plasserast i ein bestemt heim, for eksempel hjå barnet sine besteforeldre, må fylkesnemnda vurdere og avgjere om barnet skal plasserast der.

Ved omsorgsovertaking må fylkesnemnda og avgjere kor ofte barn og foreldre skal få treffe kvarandre og kor lenge desse treffa skal vare. Fylkesnemnda kan gje påbod om at tilsynspersonar skal vera til stades under samværa om det er naudsynt for å hindre at barna tar skade av samvær eller er redd for å vera aleine saman med foreldra. Fylkesnemnda kan og setje grenser for kor ofte ein kan kontakte barnet per telefon, post og sosiale media.