Friviljuge tiltak

I familiar kor barna har særlege behov for hjelp, skal barnevernstenestene i kommunen tilby familiane friviljuge tiltak.  Slike tiltak kan for det første ha som mål å bøte på manglar ved den omsorg barnet får. Hjelp til å skaffe plass i barnehage, støttekontakt og besøksheim er eksemplar på denne type hjelpetiltak. Disse kallast gjerne kompenserande tiltak. Andre hjelpetiltak kan ha som føremål å kontrollere omsorgssituasjonen, for eksempel med at tilsette frå barnevernstenesta kjem på tilsyn eller med at foreldre med rusproblem må ta urinprøvar for å syne at dei ikkje rusar seg. Ein tredje type hjelpetiltak kan nyttast for at foreldra skal verta flinkare til å gje barna god nok omsorg. Då kan ein person komme heim til familien og gje foreldra råd om korleis dei kan få betre orden i huset, eller foreldra kan vera med på kurs kor de lærer å verta betre til å skjøne korleis barna tenkjer og føler. Foreldre som ikkje klarer å setje grenser for barna sine på ein god måte, kan få hjelp til å verta flinkare til det. Det finnes og mange andre hjelpetiltak, mellom anna kan foreldra friviljug plassere barnet i fosterheim for ein periode.

Friviljuge hjelpetiltak handsamast ikkje av fylkesnemnda. Dei nemnast likevel her fordi dette er den slags saker det er flest av i barnvernsamanhang. Det er og eit absolutt krav at slike tiltak må ha vore freista eller vurdert som utan nytte før tvangsåtgjerder kan vera aktuelle. I dei aller fleste tvangssakene som kjem til fylkesnemnda, har barnevernstenesta i kommunane freista hjelpe familiane med ulike slag friviljuge åtgjerder i lengre tid. Familiane har og motteke hjelp frå andre offentlege instansar.