Åtferdsplassering

Enkelte barn bryt i utprega grad normene samfunnet har gjeve for akseptert oppførsel. I dei tilfella kor barn gjer alvorleg eller gjenteken kriminalitet, misbrukar rusmiddel over tid eller på anna vis syner alvorlege åtferdsproblem, kan fylkesnemnda avgjere at dei skal tvangsplasserast på institusjon.

Plasseringane kan vera av kort eller lang tid. Dei korte plasseringane har som føremål å observera og undersøka barnet for å finne eit egna opplegg for vidare behandling. Eventuelt kan det setjast i verk korttids-behandling. Slike plasseringar varer i 4 veker med moglegheit for forlenging i fire nye veker. Dersom føremålet er langvarig behandling, kan fylkesnemnda avgjere at plassering skal vare i inntil eit år. I særlege tilfelle kan opphaldet forlengast endå eit år.

Barn med alvorlege åtferdsvanskar kan berre tvangsplasserast i institusjon når mildare inngrep, som til dømes urinprøvar, rådgjeving eller friviljug opphald i institusjon er freista eller vurderast som nyttelause. Tvangsvedtak skal heller ikkje treffast om dette ikkje er den beste løysinga for barnet.

Det er fylkesnemnda sitt ansvar å sørgje for at barnet vert plassert i ein institusjon som er egna til å gje barnet den behandlinga det treng. Institusjonane barna vert plasserte i, er godkjende av statleg barnevern og fylkesmennene fører tilsyn med dei. Barna kan og plasserast i fosterheim  som er spesielt egna til å kunne løysa dei problem barna har.