Adopsjon

Det er normalt foreldra som har foreldreansvaret for barnet. Det å ha foreldreansvar vil seie både å gje barnet omsorg i det daglege, samt ha rett og plikt til å rå over barnet. Sjølv om omsorga for eit barn er teken over av kommunen, har difor foreldra likevel ein del rettar i høve til barnet. Rett til å avgjera om barnet skal flytte ut or landet og rett til å avgjera om barnet skal adopterast bort er eksemplar på dette.

Med adopsjon bryt ein alle rettslege band mellom barn og foreldre. Foreldreansvaret vert ført over til adoptivforeldra. Dersom omsorg for eit barn er teke over av kommunen, kan foreldra friviljug velje å adoptere bort barnet. Loven opnar og for at fylkesnemnda kan avgjere at foreldreansvaret skal tas frå foreldra og at barnet skal adopterast bort mot viljen til foreldra.

Eit vedtak som tvangsadopsjon er svært alvorleg og kan berre treffast når det er sannsynleg at barnet same kva som hender vil vokse opp i fosterheimen. Dette kan anten vera fordi omsorgssvikten til foreldra er varig, eller fordi barnet har fått ein slik tilknyting til fosterforeldra og miljøet der at det kan føre til alvorlege problem for barnet om det vert flytta. Fosterforeldra må dessutan ha vist over tid at dei kan gje barnet god omsorg. Dette tyder at saker om tvangsadopsjon sjeldan er aktuelle før barnet har budd eit par år i fosterheimen.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 set strenge vilkår for å fatte avgjersler om tvangsadopsjon. Høgsterett har uttrykt at det krevst «særleg tungtvegande grunnar» for å gjera vedtak om at barn skal adopterast bort mot viljen til foreldra, og at dette kravet er på linje med kva Den europeiske menneskerettsdomstolen har fastsett i sine avgjerder.