Type saker

Fylkesnemnda handsamar tvangssaker etter barnevernloven, helse- og omsorgstenesteloven og smittevernloven.

Fylkesnemnda handsamar tvangssaker etter barnevernloven, helse- og omsorgstenesteloven og etter smittevernloven. På barnevernområdet kan fylkesnemnda mellom anna fatte vedtak om omsorgsovertaking, om å plassere barn med alvorlige åtferdsvanskar i institusjon og om adopsjon. Barnevernssakene utgjer den klart største delen av sakene i fylkesnemnda. Dei vanlegaste barnevernssakene fylkesnemnda handsamar er omtala nedanfor.

Etter helse- og omsorgstenesteloven kan fylkesnemnda avgjere at rusavhengige skal kunne plasserast mot sin vilje på rusinstitusjon i opp til tre månader. Er det klart sannsynleg at barnet vil verta fødd med skade, kan fylkesnemnda avgjere at gravide rusavhengige skal plasserast i institusjon og haldast attende i heile svangerskapen.  

Fylkesnemnda i Oslo og Akershus er nasjonal smittevernnemnd, det vil seie at nemnda avgjer spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdomar.

I tillegg til desse slags saker, er fylkesnemnda og klageinstans for visse typar vedtak om tvang overfor psykisk utviklingshemma.

Friviljuge tiltak

I familiar kor barna har særleg tarv for hjelp, skal barnevernstenesta i kommunen gje tilbod om friviljuge hjelpetiltak. Slike tilbod vert ikkje handsama av fylkesnemnda. Les meir om friviljuge tiltak

Pålagte tiltak

Det hender at foreldra ikkje vil ha den hjelp barnevernstenesta i kommunen tilbyr. Barnevernstenesta må då respektere deira meining. For nokre få slag tiltak kan likevel barnevernstenesta velja å fremje sak for fylkesnemnda om å pålegge foreldra hjelpetiltak. Les meir om pålagte tiltak

Omsorgsovertaking

Dersom eit barn lever i ein klart uhaldbar situasjon i heimen, kan fylkesnemnda fatte vedtak om at kommunen skal ta over omsorgen for barnet. Les meir om omsorgsovertaking

Adopsjon

Eit vedtak om tvangsadopsjon er eit svært inngrep og kan berre treffast når det er sannsynleg at barnet i alle høve vil vakse opp i fosterheimen. Saker om tvangsadopsjon er sjeldan aktuelt før barnet har budd ei viss tid i fosterheimen. Les meir om adopsjon

Åtferdsplassering

I tilfelle kor barn syner alvorlege åtferdsproblem, kan fylkesnemnda bestemme at dei skal tvangsplasserast på institusjon. Les meir om åtferdsplassering