Helse- og omsorgstenesteloven

Hovudføremålet til loven er å førebyggje, handsame og leggja til rette for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsett funksjonsevne.

Helse- og omsorgstenesteloven har mange målsetjingar. Hovudføremålet til loven er å førebyggje,  handsame og leggja til rette for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsett funksjonsevne. Loven har reglar om kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester. Ho nemner dei oppgåver kommunen har på dette området, og stiller krav til den forsvarlege kvalitet som tenesta skal ha.

Etter helse- og omsorgstenesteloven er fylkesnemnda si rolle avgrensa til å gjelde avgjersle om tvang. Nemnda avgjer om vilkåra for å tvangsplassere rusmisbrukarar på institusjon i opptil  tre månadar er oppfylt. For gravide rusmisbrukarar gjeld ein eventuell plassering heile svangerskapet. Helse- og omsorgstenesteloven har føresegner om desse sakene i § 10-2 og § 10-3. 

Fylkesnemnda er klageinstans for fylkesmannens vedtak i visse saker som gjeld bruk av tvang ovanfor personar med psykisk utviklingshemning. Reglane om dette er teke inn i loven i kapittel 9.

Her finn du helse- og omsorgstenesteloven.