Formål og råderett

Barnevernet i Noreg er ei gruppe tenester som skal fremje det beste for barna. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet er delt mellom dei lokale og nasjonale forvaltingar.

På lokalt nivå er det kommunen som har forvaltinga. Alle kommunar er pålagt å ha ein barnevernsteneste. Kommunen har ansvaret for å følgje opp leve- og oppvekststilhøva for barn. På nasjonalt nivå har Barne- og likestillingsdepartement det øvste ansvar for barnevernet. Departementet stør levering av tenester med lovgjevande initiativ, politiske innspel og den samla administrasjon.

Barnevernloven gjev høve til å bruke tvang i nokre situasjonar kor dette er naudsynt av omsyn til barna. Det er oppretta ein eigen offentleg instans for å avgjere slike saker – fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Fylkesnemnda er eit domstolliknande statleg organ. Her arbeider juristar som fyller krava til å vera domarar. Fylkesnemnda er nøytral i høve til partane og ubunden  i sine avgjersler.

Fylkesnemndene avgjer saker etter lov om barnevernstenester, lov om kommunale helse- og omsorgstenester og smittevernloven. Handsaminga av sakene skal her vera trygg, rask og gje tillit. Alle partane vil bli høyrt, handsama på same vis og få naudsynt rettleiing. Fylkesnemnda skal sørge for at partane får hjelp av advokat om dei ønsker det.

Det er 12 fylkesnemnder i Noreg. Den administrative leiinga for fylkesnemndene  er lagt til Sentraleininga for fylkesnemndene som er underlagt Barne- og likestillingsdepartement.