For å endre tekststørrelsen
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac) og trykk på + for å forstørre eller – for å forminske
Barnevernloven har som målsetjing å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan vera til skade for deira helse og utvikling får naudsynt hjelp og omsorg i rett tid, samt å medverka til at barn og unge får ein trygg oppvekst. Barneloven inneheld føresegn mellom anna om kven som er barnevernforvalting i Noreg og kva slag oppgåver dei ulike barnevernforvaltingar har.
Rolla til fylkesnemnda i barnevernssaker er avgrensa til å gjelde dei vilkår i barnevernloven som gjeld tvang. Nemnda avgjer om vilkåra i loven om å bruke tvang et til stades. Dette gjeld mellom anna saker om overtaking av omsorg etter barnevernloven § 4-12, saker om samvær mellom forelder og barn etter overtaking av omsorg etter barnevernloven § 4-19, og saker om å plassere ungdom med alvorlige åtferdsvanskar på institusjon etter barnevernloven § 4-24.
Barnevernloven har eigne regler om korleis handsaming av saka i fylkesnemnda skal vera. Desse reglane finn ein i kapittel 7 i loven. Her står det og at ein del av reglane i tvisteloven og domstolloven gjeld for fylkesnemnda.