Barnekonvensjonen

Barnekonvensjonen, eller FN sin konvensjon om barns rettar, gjev barn i alle land som har slutta seg til konvensjonen, rettar på mange ulike område.

Barnekonvensjonen, eller FN sin konvensjon om barns rettar, gjev barn i alle land som har slutta seg til konvensjonen, rettar på mange ulike område. Etter konvensjonen har barn mellom anna rett til liv, rett til ikkje å verta diskriminert og rett til ytringsfridom. Barn har og rett til ikkje å verta skild frå foreldra sine, med mindre det er naudsynt av di barna for eksempel vert utsett for svikt i omsorg. Staten har plikt til å sikre at barnet får det vern og den omsorg som er naudsynt for at det skal trivast og utviklast.

I konvensjonen er det og fastsett at det beste for barnet skal vera eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som har med barn å gjere. Dessutan har barn rett til å verta høyrt og til å kunna gje uttrykk for si meining i alle tilhøve.

Noreg har slutta seg til barnekonvensjonen og den gjeld som norsk lov. Då konvensjonen vart innførd i Noreg, vart det gjort endring i mange norske lover. Dersom det likevel skulle vera motstrid mellom Barnekonvensjonen og norsk lov, skal Barnekonvensjonen alltid gå føre.