Kva gjer fylkesnemnda?

Fylkesnemndene er domstolliknande og ubundne statlege organ som tek avgjerdsler i saker etter barnevernloven, helse- og omsorgstenesteloven og smittevernloven.

Dei fleste sakene i fylkesnemnda vert handsama munnleg i forhandlingsmøte. Biletet nedanfor viser korleis eit møterom i fylkesnemndene vanligvis er organisert.

Norsk lov gjer høve til å nytte tvang i nokre barnevernssaker, i saker som gjeld rusmisbrukarar og i smittevernsamanheng, når det er naudsynt. I 1993 vart det oppretta eit eige ubunde statleg organ til å avgjera slike tvangssaker, som er fylkesnemnda for barneverne og sosiale saker.

Fylkesnemnda er nøytral i høve til partane og ubunden (uavhengig). Ho høyrer med til dei domstolliknande statlege organa. Handsaminga av sakene skal her vera trygg, rask og gje tillit. Partane vil bli høyrt, handsama på same vis og få naudsynt rettleiing. Dei vert gjort kjende med motparten sine argument og får høve til å uttale seg om desse. Alle partar får føre prov, for eksempel vitne, og kan stilla spørsmål til desse.

Fylkesnemnda tek aldri initiativ til ei tvangssak. Sakene vert lagt føre fylkesnemnda på initiativ frå partane i saka, eksempelvis barnevernstenesta i kommunen eller foreldra i ei barnevernsak. Fylkesnemnda er med andre ord ein rein instans for avgjersler.

Fylkesnemnda avgjer saker etter lov om barnevernstenester, lov om kommunale helse- og omsorgstenester og smittevernloven. Det er 12 fylkesnemnder i Noreg. Den administrative leiinga for fylkesnemndene er lagt til Sentraleininga for fylkesnemndene, som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.

Det beste for barnet

Det beste for barna er ei rettesnor for fylkesnemndene og andre barnevernstenester når dei nytter dei pålegg loven gjev. Les meir om det beste for barnet

Formål og råderett

Barnevernloven gjev høve til å nytte tvang i nokre situasjonar kor det er naudsynt av omsyn til barna. Det er skipa ein eigen offentleg instans for å ta avgjerd i slike saker – fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Les meir om formål og råderett